Reglar for parkeringsplass
- det må berre parkerast i oppmerka tildelt parkeringsfelt
- Båtlaget disponerer ikkje gjesteparkeringsplassar. Dersom noken har trong for gjesteparkering, må han/ho ta kontakt med andre medlemer. Styret har ikkje høve til å koordinera utlån.
- Feilparkerte bilar kan verta borttaua for eigaren si eiga rekning og risiko
- Det er høve til å ha båtar i opplag på parkeringsplassen, etter reglar fastsette i vedtektene. Anna lagring er ikkje tillate. Båtar i opplag må sikrast, så dei ikkje skader parkerte bilar eller andre båtar.
- Båtlaget er ikkje ansvarleg for skadar som vert påført bilane. Båtlaget hefter heller ikkje for tjuveri, hærverk eller innbrot.
Siste kommentarer