Hamnereglar

  1. Alle medlemene i båtlaget skal sjå til at båtlaget sitt område til ei kvar tid er eit triveleg, trygt og ryddig område
  2. Det skal fortøyast slik at det ikkje oppstår skade på bryggjene eller båtane. Spesielle reglar for større båtar er fastsett i vedtektene.
  3. Medlemene pliktar å halde båtane sine i god og sjødyktig stand. Ein båt som ikkje vert halden ved like eller som ikkje er sjødyktig, og som etter påtale frå styret ikkje vert sett i stad, kan verta nekta plass i hamna.
  4. Oljesøl eller søl av kjemikaliar på land eller sjø, må ikkje førekoma
  5. Ved bruk av parkeringsplassen som opplagsplass, skal det synast spesiell varsemd med kjemikaliar, avfall og liknande. Parkeringsplassen skal ryddast straks båten er sjøsett.
  6. Fortøyingar og tauender skal vera kveila opp, slik at dei ikkje kan vera til skade for folk eller båtar. Det skal ikkje lagrast noko på bryggjene.
  7. Alle har plikt til å gripa inn og sikra verdiar, dersom det vert oppdaga forhold som kan skada båtane eller bryggjene. Slike episodar skal meldast til styret for båtlaget.
  8. Båtlaget er ikkje ansvarleg for skadar som vert påført båtane. Båtlaget hefter heller ikkje for tjuveri, hærverk eller innbrot.
  9. All ferdsel på båtlaget sitt område skjer på eige ansvar