Dugnadsreglar
- Årsmøtet vedtek:
- Dugnadsplikt for deil ulike medlemskategoriane
- Dugnadskompensasjon
- Styret (ved dugnadsleiar) fastset form, omfang og tidspunkt for arbeid som skal utførast
- Fellesdugnader vert kunngjort ved oppslag
- Fellesdugnadene skal organiserast slik at flest mogleg av medlemene kan delta
- Ved fellesdugnader fører dugnadsleiaren protokoll over kor mange timar som vert utført
- Etter avtale med styreleiaren eller dugnadsleiaren har medlemene høve til å utføra dugnad utanom fellesdugnandene. Skriftleg melding med oppgåve over kor mange timar dugnad, og kva type arbeid som er utført, skal leverast til dugnadsleiaren straks arbeidet er utført.
- Ved slutten av sesongen reknar dugnadsleiaren ut kor mange timar det vert per medlem, og sender rekning for manglande timar til dei einskilde medlemene
- Arbeid utover dugnadsplikta vert ikkje godtgjort
- Ein medlem kan leiga hjelp til å utføra dugnadsarbeid, dersom dette først er godkjent av dugnadsleiar
Siste kommentarer